Statsforvalteren i Vestfold og Telemark – Samarbeidsavtale med NRRL

LA1T Tønsberggruppen av NRRL, melder på vegne av NRRL-gruppene i Vestfold og Telemark:

LA1T viser til pressemelding vedrørende ny samarbeidsavtale mellom Statsforvalteren i Vestfold og Telemark og NRRL-gruppene i fylket.

Avtalen er resultat av en lang og god prosess mellom Statsforvalteren med sin fylkesberedskapssjef, sambandstjenesten i Vestfold og Telemark, og NRRL-gruppene i fylket.

LA1T Tønsberggruppen er avtalepartner for avtalen på vegne av alle gruppene i fylket. 

Både i forkant og under prosessen fram til avtalen har det vært en god kontakt og samarbeid med sentrale kommuner i fylket gjennom beredskapsrådene og kommuneledelsene. Dette har allerede sikret støtte til både infrastruktur, økt bevissthet for viktigheten av radioamatørmiljøene i regionen, og formell avtale med kommuner og lokal NRRL-gruppe.

Statsforvalteren i Vestfold og Telemark publiserte 2. februar 2021 følgende nyhetssak/pressemelding på sine nettsider:

Samarbeidsavtale med NRRL på plass

Statsforvaltaren har inngått avtale om samarbeid med Norsk Radio Relæ Liga (NRRL) i Vestfold og Telemark om bistand i fall det vert trong for beredskapssamband under kriser og katastrofar i fylket.

Avtalen førebur eit samarbeid kor NRRL kan setja opp eige uavhengig samband i fylket. Fleire kommunar har allereie eit samarbeid med NRRL, anten om sambandstenester eller utplassering av forsterkarar i utsette delar av fylket.

I 2020 øvde Statsforvaltaren sambandstenesta radioamatørane kan levere, og testa mellom anna ei løysing for dataoverføring via NRRL sin eigen digitale infrastruktur «WinLink». Øvinga var vellukka og samarbeidet er no nedfelt i ein avtale.

NRRL er radioamatørane sin organisasjon og er tilslutta Frivillige Organisasjoners Redningsfaglige Forum (FORF). Lokallaga, som dekker heile landet, kan stille med beredskapssamband og andre tenester i fall det vert brot i teleinfrastrukturen, eller dei kan bistå redningstenesta. Under kvikkleireskredet i Gjerdrum til dømes, bistod dei redningsleiinga med sporingsteknologi for innsatsmannskap. For hele pressemeldingen se her: tinyurl.com/fbztfb69